Sunday, December 30, 2007

Tuesday, December 04, 2007

Vegen heim


Ved sidan av å redde jorda (bittelitt i alle fall) er det fleire positive sider med å gå til og frå jobb. Eg møter folk, høyrer fuglane kvitre, får tid til å tenke. Og til å fotografere - om det dukkar opp eit motiv. Det gjorde det i dag. Teknisk er gjennomføringa så som så - men eg er bra nøgd likevel. Sidan eg ikkje hadde med stativ i sekken til å frå jobb (det får då vere måte på!), måtte eg ta biletet på frihand på 1/4 sekund. Litt i lengste laget det, men bidreg ikkje i grunnen bevegelsesuskarpheten litt til stemninga i bildet?

Sunday, December 02, 2007

Tuesday, November 06, 2007

Å vere der

Eg har vist fram ein annan versjon av dette biletet før - eksponert nokre sekund før dette. I dag såg eg gjennom ein bunke med "gamle" bilete, og tykte denne versjonen var best. Og så minner den meg om at det viktigaste er å fotografere. Eg lir litt av den velkjende "hadde eg bare hatt det objektivet, så skulle sett på bilete!"-sjuka. Biletet er nemleg fotografert med eit Fuji F30 kompaktkamera. Det viktigaste er å sjå, å følge med, å vere i situasjonen - og trykke på knappen i rett øyeblikk.

Saturday, October 20, 2007

Sunday, September 16, 2007

Utsikt frå kjøkenet


Lyktestolpen lenger ned på sida kom etter eit forsøk på å fotografere landskap. Landskapet her kom til meg gjennom kjøkenvindauge, over ein kopp kaffe. "Luck favours the prepared mind"

Thursday, September 13, 2007

Wednesday, September 12, 2007

Sunday, September 09, 2007

Forsøk på å fotografere landskap

Drog ut på tur i dag for å fotografere landskap. Her er det eg endte opp med... (typisk - sånn går det ofte)

Sunday, August 26, 2007

Barnas turlag


Fjelltur med barnas turlag til Arnestadnakken i dag.
Trolsk stemning med regn og skodde.

Wednesday, June 27, 2007

Tuesday, June 26, 2007

Ka du glor på!


Tiriltunge

Ofte treng ein ikkje gå langt for å finne bileta. Dette er frå hagen. Litt klisje, men vakkert er det.

Thursday, June 07, 2007

Sunday, May 20, 2007

17.mai

Konfraniseren ventar i kulissane

Tuesday, May 01, 2007

Friday, April 20, 2007

Norges beste fiskar




I helga skal Norges Jeger- og Fiskerforbund kåre den beste sjøaurefiskaren. Kan hende eg prøver meg. Kan ha flaks. Kom knapt med på resultatlista i fjor, men det vart i alle fall middag på familien. Får håpe veret klaffar. Dei siste dagane har vinteren synt seg att med vind og snø. I fjor var det kraftig vind. Vi får sjå. Kanskje det kan bli nokre bra bilete. Her er eit bilete frå sist gong - Inger H. Aske Lothe frå Firda Tidend fotograferer fjordårets lokale vinnar, Stian Hjelle.


Håper på betre ver enn på biletet her - fotografert i går kveld:

Monday, April 09, 2007

Naboen sitt tak


Fotografert frå stovevindauget

Friday, March 16, 2007

Det gjør ingenting at det regner ute

Utsikt frå mitt kontorvindauge i dag. Regnet har bøtta ned heile dagen. Eg likar regn. Som Odd Børretzen seier: Det gjør ingenting at det regner ute - så lenge ditt hode er på min pute.

Thursday, March 01, 2007

Wednesday, February 14, 2007

Mektige Kjøsnesfjorden


Eg køyrer ofte gjennom Kjøsnesfjorden på veg til og frå Leikanger, og let meg stadig overvelde av fjella ved Lunde. Dei er mektige og utilnærmelege. Imponerande. Ein gong skal eg ta eit flott bilete av desse fjella. I mellomtida får det greie seg med det her, som eg tok på veg heim frå jobb på tysdag denne veka.

Tuesday, January 23, 2007

Vintersol

Oslo januar 2007

Hyestranda i regn

Fotografert frå bil i fart med Fuji F30

Thursday, January 11, 2007

Tuesday, January 02, 2007

Alle snakkar om vêret

Klima er i endring på vår lille klode, og i eit intervju i BT i dag dukka det opp eit merkeleg synspunkt ein høyrer frå tid til anna. På spørsmålet "Fryktar du følgjene av klimaendringane?" er svaret -"Nei, ikkje i det heile. Historisk har vi hatt både istid og tropeklima her på våre kantar."

Ja, det er jo forsåvidt heilt rett det. Men at det skal vere betryggande skjønar eg lite av. Eg trur ikkje det var så triveleg her i landet under istida.

1. juledag 2006


Tåke i Bukta på Sandane, 1.juledag 2006.