Ved sidan av å redde jorda (bittelitt i alle fall) er det fleire positive sider med å gå til og frå jobb. Eg møter folk, høyrer fuglane kvitre, får tid til å tenke. Og til å fotografere - om det dukkar opp eit motiv. Det gjorde det i dag. Teknisk er gjennomføringa så som så - men eg er bra nøgd likevel. Sidan eg ikkje hadde med stativ i sekken til å frå jobb (det får då vere måte på!), måtte eg ta biletet på frihand på 1/4 sekund. Litt i lengste laget det, men bidreg ikkje i grunnen bevegelsesuskarpheten litt til stemninga i bildet?
Tuesday, December 04, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
No comments:
Post a Comment