Tuesday, January 02, 2007

Alle snakkar om vêret

Klima er i endring på vår lille klode, og i eit intervju i BT i dag dukka det opp eit merkeleg synspunkt ein høyrer frå tid til anna. På spørsmålet "Fryktar du følgjene av klimaendringane?" er svaret -"Nei, ikkje i det heile. Historisk har vi hatt både istid og tropeklima her på våre kantar."

Ja, det er jo forsåvidt heilt rett det. Men at det skal vere betryggande skjønar eg lite av. Eg trur ikkje det var så triveleg her i landet under istida.

No comments: