Tuesday, August 08, 2006

Gode venninner


I Myklandssdalen i Gloppen er det fleire hundre geiter. Geiter er dyr med stor personlegheit. Nokre er veldig sosiale, og vil gjerne smake litt på buksa di. Andre vil helst vere for seg sjølv. Og stort sett har dei all tid i verda. Ingenting å stresse for. Berre å ta livet med ro. Gjerne med litt støtte frå ein god kamerat (eller venninne er det vel her).

No comments: