Wednesday, December 20, 2006

Meir nestekjærlighet


Nestekjaerlighet.no er eit initiativ starta av filmskaparen Margreth Olin. Målet er å påvirke regjeringa til å setje vi verk dei lovnadane dei sjølv har kome gjennom Soria Moria-erklæringen - for ein meir human asylpolitikk.
Intervju med Margret Olin på foto.no

Wednesday, November 22, 2006

Saturday, November 11, 2006

Tåke over Kjøsnes


Kjøsnes i tåke ein haustdag. Biletet er fotografert i farge, men eg likte det betre i gråtonar. Sidan eg gjekk over til digitalkamera har det blitt meir fargefotografi, men eg har fortsatt ein forkjærlighet for svart/kvitt.

Thursday, August 24, 2006

Thursday, August 10, 2006

Skyer på vegen heim


Fotografert for ein time sidan, på veg heim frå besøk hos gode venner.

Tuesday, August 08, 2006

Gode venninner


I Myklandssdalen i Gloppen er det fleire hundre geiter. Geiter er dyr med stor personlegheit. Nokre er veldig sosiale, og vil gjerne smake litt på buksa di. Andre vil helst vere for seg sjølv. Og stort sett har dei all tid i verda. Ingenting å stresse for. Berre å ta livet med ro. Gjerne med litt støtte frå ein god kamerat (eller venninne er det vel her).

Monday, July 31, 2006

Rundetårn


Rundetårn i København, juli 2006.

Friday, July 28, 2006

Kraftledningar i landskapet


Det går ein heit diskusjon om nye kraftliner gjennom landskapet. Ein kan vanskeleg påstå dei er vakre, der dei brøytar seg veg brutalt gjennom landskapet. Men alle objekt kan vere interessante motiv for ein fotograf. Desse linene fann eg i dag, på tur for å fotografere den dramatiske himmelen over "Hyefjorden".

Wednesday, July 19, 2006

Laksefiske i Gloppenelva


...og alle var einige i at det hadde vore ein fin tur (sjølv om ingen fekk fisk...)

Thursday, June 08, 2006

Her bur eg!


Eit begeistra utrop. Her bur eg! Sjå her, kor flott det er. Solnedgang over fjorden. Jada, tusenvis har fotografert vakre solnedgangar før. Men det her er min solnedgang. Mi utsikt. Er den ikkje flott?

Sunday, May 28, 2006

Norge - heilt Texas


Tittelen her har eg stjelt frå den fabelaktige fotografen Lill-Ann Chepstow-Lusty (http://www.kik.no/person.jsp?id=T1450328) - eg kunne ikkje dy meg. Motivet er frå Eid i Sogn og Fjordane, og markerer starten på mitt nye prosjekt - å publisere minimum eitt bilete pr. veke i bloggen min. Følg med vidare folkens. Det vert garantert fleire skråblikk frå både her og der.