Tuesday, November 06, 2007
Å vere der
Eg har vist fram ein annan versjon av dette biletet før - eksponert nokre sekund før dette. I dag såg eg gjennom ein bunke med "gamle" bilete, og tykte denne versjonen var best. Og så minner den meg om at det viktigaste er å fotografere. Eg lir litt av den velkjende "hadde eg bare hatt det objektivet, så skulle sett på bilete!"-sjuka. Biletet er nemleg fotografert med eit Fuji F30 kompaktkamera. Det viktigaste er å sjå, å følge med, å vere i situasjonen - og trykke på knappen i rett øyeblikk.
Subscribe to:
Posts (Atom)